
– Hurra for Storfjord - eit fleirspråkleg føredøme!
Norsk Målungdom:
SPRÅK Landsmøtet i Norsk Målungdom gratulerer Storfjord kommune med å få godkjend Omasvuona suohkan og Omasvuonon kunta som sitt samiske og kvenske namn.
– Vi meiner samstundes dei andre kommunane i Nord-Troms bør følgje deira gode føredøme, heiter det i ei pressemelding fra Norsk Målungdoms (NMU) årsmøte.
– I Storfjord som i mange andre kommunar i Nord-Noreg har kvensk, norsk og samisk språk vore brukt side om side. For to-tre generasjonar sidan var det ikkje uvanleg at innbyggjarane i desse områda kunne alle tre språka, og det språklege mangfaldet var ein viktig del av kulturen. Mykje av denne rikdomen gjekk tapt i fornorskingsprosessen. Etterverknadane av denne fælslege politikken ser vi framleis: samisk og kvensk er mykje mindre brukt, språkbrukarane mista ein viktig del av kulturelle historia si og det er knytt mykje skam til det samiske og kvenske, skriv Karl påtroppande leiar, Peder Mork, på vegner av Landsmøtet 2014, og held fram:
– Ved å syne fram at det språklege mangfaldet er ein rikdom og noko å vere stolt av, tek Storfjord kommune gode grep som kan bøte på den skada fornorskinga gjorde. Etter at dei i 2007 vedtok at dei tre språka skal vere jamstilte, har dei fått opp samiske og kvenske stadnamn kringom Stordfjorden sine bygder. Dessutan satsar kommunen på born og unge ved å lære dei alle tre språka. Storfjord Språksenter i Skibotn er Noregs fyrste og einaste fleirspråklege senter, og er eit godt tiltak for å fremje fleirspråklegheit i området. Særleg opplæringa av tilsette i eldretenesta er livsviktig: i naudsituasjonar er det avgjerande at helsepersonell kan gjer seg forstått og forstå språket til pasienten.
Storfjord kommune gjer det betre for innbyggjarane når dei tek desse grepa, særleg for born og unge med kvensk og samisk identitet. Dei fremjar språkleg toleranse, som gjev betre levekår og betre livskvalitet. Dei fleirspråklege skilta og språkundervisinga fjernar skamma og aukar stoltheita. Når dei på denne måten viser at dette er ein stad der språkleg og kulturelt mangfald vert verdsett, vert Storfjord ein meir attraktiv kommune. Slagordet til Storfjord kommune – «Mangfold styrker!» - bør bli eit slagord for heile regionen.
Landsmøtet i Norsk Målungdom vonar dei andre kommunane i Nord-Troms, og vidare med, merkjer seg dei gode tiltaka Storfjord gjer og synleggjer språkmangfaldet.